The Cool Girl

Eili Harboe

Stjerneskuddet Eili Harboe om det å være kvinnelig skuespiller i dag, om rollen som Thelma, om fremtiden og drømmerollene.

Eili Harboe måtte gjennom dykketrening og skjelveterapi før hun var klar for hovedrollen som Thelma i filmen med samme navn. I februar er hun plukket ut som en av ti ”Shooting Stars” under filmfestivalen i Berlin.

TCG

Det er ikke så lenge siden du var i New York på en teaterskole - hvordan var det?

Eili

Ja, eg var i New York i seks veker der eg deltok på eit kurs ved The William Esper Studio. Det var ein utruleg fin erfaring og eg lærte mykje. Det er mykje meir utfordrande der borte fordi det er fleire om beinet, i tillegg er den økonomiske situasjonen meir komplisert. Me er heldige i Noreg som har gratis utdannelse og statleg støtte.

TCG

Hva liker du best med den amerikanske storbyen?

Eili

Uææ vanskeleg! Eg budde i Kayas (Kaya Wilkins som speler Anja i Thelma) leilegheit i Greenpoint i Brooklyn og likte det området veldig godt! Pizza på Paulie Gee’s er skikkeleg bra. Noko av det som gjorde størst inntrykk på meg var ein danseoppsetning ved Alvin Ailey Theater. Neue Galerie, The Brooklyn Museum og PS1 MoMA var dei kunstmuseene eg likte best.

Jakke fra Dior hos Vincci

Eg føler eit ansvar som ung, kvinneleg skodespelar om å portrettere karakterar som er sterke og har ein kjenslemessig kompleksitet.

TCG

Hvordan opplever du det å være ung, talentfull, vakker kvinnelig skuespiller i dag?

Eili

Tusen takk for det! Det må eg jo ta som eit kompliment? Eg føler meg veldig heldig som har fått lov til å vere ein del av dei prosjektene eg har så langt. Eg føler eit ansvar som ung, kvinneleg skodespelar om å portrettere karakterar som er sterke og har ein kjenslemessig kompleksitet. Det er viktig for meg at den rollen eg spelar ikkje berre er ein «funksjon» i ein større samanheng, uansett om det er ein bi- eller hovudrolle. Filmbransjen har framleis eit stykke å gå, og det trur eg me som skodespelarar kan vere med å påvirke.

TCG

Tror du det kommer mer bevissthet i miljøet som følge av me too-kampanjen som regjerte i 2017?

Eili

Absolutt! Eg har allereie fått inntrykk av det når eg snakker med andre kvinnelege skodespelarar.

Frakk, bukse og øredobber fra Céline, sko fra Marni og hårbånd fra Jofrid Nyka. Alt hos Vincci

TCG

Den siste store rollen din var som Thelma i filmen med samme navn som gikk på kino i fjor høst. Thelma var en nokså dyster og kompleks karakter. Hva var det mest utfordrende med å spille den rollen?

Eili

Det var mykje som var utfordrande. Det var ein del fysisk krevande scener eg måtte forberede meg til. Eg hadde symjetrening der eg lærte å crawle, dykketrening og gjekk i skjelveterapi for å lære meg ein teknikk eg kunne bruke for å portrettere dei epileptisk-lignande anfalla Thelma opplever i filmen. Thelma har også mange undertrykte kjensler. Ho er sårbar og sterk og eg synest det var utfordrande å finne balansen for å formidle det.

Filmbransjen har framleis eit stykke å gå, og det trur eg me som skodespelarar kan vere med å påvirke.

TCG

Thelma kommer fra et pietistisk miljø på Vestlandet og flytter til Oslo for å studere. I møte med hovedstaden skjer det mange endringer og hun trosser flere grunnleggende verdier hun har vokst opp med. Kjenner du deg igjen i noe av det Thelma opplever?

EIli

Eg kjenner meg igjen i det at eg også er ei jente frå Vestlandet som flytter til Oslo for å studere. Det er mykje usikkerheit ein kjenner på som student i ny by og det kjenner eg meg igjen i. Utover det har me veldig forskjellig bakgrunn. Eg har to liberale foreldre som har støtta meg heile veien og som er veldig glade på mine vegne. Heldigvis! Når eg las manus fyrste gong så tenkte eg at dette er ein skildring av korleis religion blir brukt som maktmisbruk, men at det likevel ikkje er ein historie som kritiserer personleg tru.

Bluse fra Balenciaga

TCG

Er det noen bestemte roller du drømmer om å få fremover?

Eili

Eg synest det er spennande å utfordre meg sjølv, spesielt fysisk, så eg kunne gjerne tenkje meg å gjere fleire fysisk krevande roller. Så lenge historia og karakteren er noko som appellerer, så har det ikkje noko å seie om det er ein lavbudsjett eller ein stor produksjon.

TCG

Hva er planene for 2018?

Eili

Eg fortsetter med kunsthistorie på Blindern og er veldig glad for det. Ellers er det ikkje så lenge siden det vart offisielt at eg er ein av ti skodespelarar som skal til Berlin i forbindelse med Shooting Stars på filmfestivalen der. Det er utruleg spennande og det er noko eg gler meg veldig til!